_____________________________________________________________________________________________________________________________________________________

Sommarles 2018 er ein nettbasert lesekampanje. Alle barn frå 1. til 7. klasse kan vera med. Barna lagar seg ein profil på Sommarles.no. Her registrerer ein alle bøkene ein les, og for kvar lesne side får ein poeng. Etter kvart som ein samlar poeng, kan ein henta kule premiar på biblioteket. På Sommarles.no kan ein òg sjå kva vener les, lesa den eksklusive sommarlesforteljinga, løysa oppgåver og oppnå digitale trofè.

Om barna ikkje har tilgang til nett, går det fint an å vera med på Sommarles likevel ved å fylle ut leeskort manuelt. Det vil bli delt ut på skule/barnehage. Kom innom biblioteket om det treng hjelp.

Sommarles er for 1. - 7. klasse, og både dei som skal byrja i 1. klasse til hausten og dei som går ut av 7. klasse i vår kan vera med.

Sjå video om Sommarles: https://sommerles.no/video2018

Sommarlesfest: Laurdag 15 september kl 12. Underhaldning for heile familien med Askeladden friteteater, premieutdeling.