A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
Sommarles 2016

SOMMARLES

 

Sommarles 10.juni - 10.september

Luster bibliotek inviterer alle 1.-7.klassingane i kommunen til å delta i konkurransen om å li sommarens leseløve.

Les minst 5 bøker, og bli med i trekning av flotte premiar.

Sommaren er ei fin tid for lesing. Les sjølv, eller finn nokon som kan lese for deg. Tre teikneseriar blir rekna for ei bok. Hugs at biblioteket også har bøker som er lette å lese. Det er mogeleg å låne e-bøker. Kontakt biblioteket dersom du treng hjelp til nedlasting.

Alle elevar vil få utdelt lesekort på skulen. På dette må ein skrive inn alle bøkene ein les i sommar. Det er høve til å hente fleire lesekort på biblioteket i heile sommar. Lesekorta må leverast på skulen innan 10. september.

Sommarles vert avslutta med fest og underhaldning på biblioteket den 17. september kl. 12. Ordføraren deler ut premiane.

1. premie: Gåvekort kr. 1000,-

2. premie: Gåvekort kr. 500,-

3. premie: Gåvekort kr. 300,-

4.-10. premie: Bok

Beste skule vil få ei flott overrasking!

God lesesommar!

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS