Desse er ferdigvaksinerte med 2 dosar: alder 65 år og eldre: meir enn 90%, gruppa 55-64 år 30,4%.

Når 70% av befolkninga er vaksinerte vil vi kunne oppnå flokkimmunitet. Dette betyr at sjukdommen vil spreie seg mykje mindre i befolkninga.

Covid-19 sjukdommen vil gje utfordringar i lang tid. Det er berre vaksinering som kan hjelpe. Dei som ikkje er vaksinerte vil løpa risiko for å få sjukdommen. Vaksinen som vi får er BioNTec/Pfizer gjer og godt skydd mot Delta-varianten når det gjeld alvorlig sjukdom og sjukehusinnlegging. Det er god vitskapeleg dokumentasjon på at vaksinen er trygg og effektiv, men den gjer ikkje 100% skydd- det gjer heller ingen andre vaksinar.

1.dose gjer skydd i inntil 15 veker, 2. dose vil gje skydd i meir enn 1 år. Vi gjer 2. dose 12 veker etter første dose. Vi har ikkje registrert alvorlege vaksinereaksjonar.

I veke 29 vil vi få 330 dosar. Vi held fram med å gje tilbod til aldersgruppene 18-24, 40-44 og 45-54. Om det er personar som tidlegare har fått tilbod og ynskjer no å få vaksine; ring koronatelefonen 906 72 675. Det blir lagd ut fleire timar til vaksinering for veke 29, 30 og 31

Skal vi vere trygge mot Covid-19 må flest mogleg av lustringane bli vaksinerte. Vi ber derfor om at alle som blir inviterte til vaksinebestilling på sms nytter seg av tilbodet. Timebestillinga skjer på HelseNorge og vi legg ut timar fortløpande. Vi har ikkje eksakt oversikt over kor mange vaksinar vi får framover, men rimelig gode prognosar. Når vi får de eksakte tala legg vi ut alle dosane vi får. Så følg med.

Nasjonalt har man denne veka avdekka tilfelle der ein smitta person har kopla symptom til nyleg vaksinasjon, og difor har levd som normalt fram til smittesporing avdekka smitten. Dette kan gje smittespreiing. ALLE bør derfor teste seg om dei får symptom på sjukdom! Dei vanligaste symptoma er hovudpine, sår hals og snue.

Barn og ungdom i alderen 12-15 år med alvorleg grunnsjukdom blir nå anbefalt å få BioNTech/Pfizer vaksinen.