Støttekontaktar

Luster kommune har behov for fleire som kan ta på seg støttekontaktoppdrag.
Ledig stilling

Støttekontakt er eit tilbod til personar som grunna alder, funksjonshemming eller sosiale tilhøve treng hjelp til å få ei meiningsfull fritid.

Målet med tiltaket er å betra livskvaliteten gjennom sosialt samvær og aktivitet.
Oppdrag kan 1 – 2 gonger pr. veke på ettermiddag/kveld.
 
Det er ikkje krav om særskilde kvalifikasjonar, men du bør ha overskot og interesse for medmennesket.
 
Godtgjersle etter gjeldande kommunale retningsliner for oppdrag.
 
Det er krav om forenkla politiattest.
 
Interesserte kan ta kontakt medLuster heimeteneste v/Einar Thune tlf. 57685715 mobil 99162077
Share on Facebook Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut

Rettleiing - Korleis søke på ledig stilling

For å søke på ledige stillingar må du nytte vårt elektroniske søknadsskjema.

NB!
Dersom du skal søke på fleire stillingar, må du sende ein søknad pr. stilling.

Utdanning og praksis må vere fullstendig utfylt for at søknaden skal verta handsama. Dette gjeld også for fast tilsette i Luster kommune som søkjer på interne stillingar.

Det er ikkje naudsynt å sende kopi av vitnemål, attestar m.m. Desse skal takast med ved eventuelt intervju eller sendast ved førespurnad. 

Alle søkarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett
e-postadresse i søknaden.

I skjemaet er det mogleg å kryssa av for at søknaden ikkje skal bli offentleggjort. Dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal bli offentleggjort, må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkarane likevel kan bli offentleggjorde, jamfør den nye offentleglova §25. Du vil då bli varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.

Kontaktinformasjon

 Leiar heimetenesta Tone Kjærvik KveaneEiningsleiar 
 Tone Kjærvik
 Kveane

 

 

Luster heimeteneste
v/Tenestekontoret i Gaupne

Tlf. 57685716
Mån - fre kl. 08.00 - 15.30

Team A, Gaupne
Team B, Hafslo
Team C, Luster
Team Grandmo

Tenesteomtalar

Web levert av CustomPublish AS