Stemmerett
Stemmerett ved Stortingsval har norske statsborgarar som fyller 18 år innan utgangen av 2017, og som er eller har vore folkeregisterført som busett i Norge. Du må stå i manntalet for å stemme. Personar som har vært busett utanfor landet i meir enn 10 år samanhengande, må søke om innføring i manntalet i den kommunen vedkommende sist var registrert som busett.

Valkort
Alle som står i manntalet får tilsendt valkort. Her vil det vere informasjon om opningstid på vallokalet. Dersom du vil førehandsstemme, tek du med valkortet ditt. Servicetorget kan skrive ut nytt valkort om du skulle ha forlagt det kortet du får i posten.

Legitimasjon
Vallova seier at ein veljar som er ukjend for stemmemottakar skal legitimere seg. Ta derfor med legitimasjon når du skal stemme. Legitimasjon kan vere pass, førarkort eller bankkort med bilete.

Står du i manntalet?
Du vil bli manntalsførd i den kommunen og den valkrinsen som du ifølgje Folkeregisteret er busett i den 30.juni 2017. Frå ca 20. juli kan du sjekke om du står i manntalet. Hovudmanntalet vil bli lagt ut på biblioteket i Gaupne og på servicetorget på rådhuset. Krinsmanntala vil bli lagt ut slik: Coop Fortun, Coop Skjolden, Joker Luster, Ornes hos Urnes gard v/ Marianne Bugge, Indre Hafslo oppvekstsenter, Spar Hafslo, Nærbutikken Solvorn, Joker i Jostedal, Matkroken Veitastrond.

Du kan også ringe servicetorget, 57 68 55 00 og spørje om du står i manntalet.

Klage på manntalet
Dersom du meiner at du sjølv eller nokon annan urett er blitt innført eller utelatt frå manntalet i kommunen, kan du krevje at feilen blir retta opp.
Kravet skal vere skriftleg og grunngjeve, og sendast  til: Luster kommune, valstyret, 6868 Gaupne.

Sjå og informasjon om:

Førehandsstemming 

Stemme heime?

Opningstider valdagen 

Vallister

Sametingsvalet

Sentral informasjon på valg.no