A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
Barnehagen og skulen i desemberlys, ungar som spelar fotball

Me ynskjer alle ei fredeleg julefeiring, og eit godt nyttår!

Takk for i år

No går det mot jule- og nyttårsfeiring, og me vil takke for ei koseleg førjulstid i barnehagen og på skulen.

Velkomne tilbake i det nye året!

(Gjeld sjølvsagt ikkje dei ungane som skal i barnehagen i romjula, dei er velkomne då òg!)

Som ein del av arbeidet vårt med SOLIDARITET, hadde skuleungane i år Omvendt Julekalender i desember, der det kvar skuledag var ei kalenderluke på nettet med ein liten filmsnutt frå korleis ungar har det andre plassar i verda. Slik har me lært litt meir om verda og om kor heldige me er som bur her me bur, og kanskje me set litt ekstra pris på alle gåvene me kjem til å få i jula.

Dei som ville, har gjort litt arbeid heime som dei har fått pengar til aksjonen for - totalt samla me inn 3172,- kroner på skulen i desember, pengane går til SOS-barnebyer sitt arbeid rundt om i verda (les meir her: SOS-barnebyer).

Takk for innsatsen!

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS