Ergoterapeut hjelper med å finna fram til aktuelle hjelpemiddel, fylla ut søknadsskjema osv. Du treng ikkje tilvising frå lege. Ergoterapeuten innhentar naudsynte opplysningar etter avtale.

Lov om folketrygd §10 - 5 og 10 - 6. § 10 - 5 omfattar varig stønad til hjelpemiddel i arbeidslivet og § 10 - 6 hjelpemiddel til betring av den alminnelege funksjonsevne. Kommunen har ansvar for korttidsutlån av hjelpemiddel.