Det er svært viktig for integreringa at både frivillege og tilsette i dei ulike etatar og instansar deltek i å bistå med ulike tenester. Me tenkjer at det er viktig at du/de kjenner til korleis me i NAV Luster og flyktningtenesta bistå flyktningane med oppgåvene som ligg til vår teneste.

 

Hovudoppgåva vår er å forvalte «Lov om introduksjonsordning og norskopplæring for nyankomne innvadrarar» (introduksjonslova) og «lov om sosiale tenester i NAV».

Flyktningar over 18 år byrjar som oftast i introduksjonsordninga, og vår oppgåve er så godt det let seg gjere å forvalte denne ordninga. Introduksjonsprogrammet har som mål å styrke nyankomne innvandrarar si mulegheit for deltaking i yrkes- og samfunnslivet, og deira økonomiske sjølvstendigheit. Hovudformålet i lova er å leggje til rette for at deltakarane i introduksjonsprogrammet kjem seg raskt i arbeid eller utdanning, slik at dei kan bli sjølvstendige i Noreg. Deltakarane i introduksjonsprogrammet mottek introduksjonsstønad, og for å vera berettiga å motta denne ytinga skal deltakarane delta på aktivitetar som legg til rette for overgang til arbeid eller utdanning.

Økonomisk sjølvstendigheit og eige ansvar for å disponere midlane til livsopphald er vektlagt i begge lovverka. I §.4 i Introduksjonslova står det at programmet skal gje a) grunnleggjande kvalifisering i norsk, b)grunnleggjande kvalifisering i norsk samfunnsliv, c) førebu for deltaking i yrkeslivet. Programmet skal være 37,5 timar i veka i 47 veker pr. år, altså heiltid og fulltid.

Kommunane skal gje deltakarane grunnleggjande kvalifisering. I dette inngår norskopplæring, innsikt i norske samfunnstilhøve og førebuing til yrkesliv eller utdanning. Med grunnleggjande kvalifisering meinast informasjon, kunnskapar og ferdigheiter som gjer at nyankomne innvandrarar kan fungere i ordinært arbeid og samfunnsliv, eller kan nytte seg av det ordinære utdannings- og opplæringstilbodet.

 

Flyktningtenesta og NAV Luster bistår flyktningane med følgjande:

Flyktningtensta  og vaksenopplæringa:

  • Me følgjer nyleg ankomne flyktninga tett opp med hyppige heimebesøk og tolkesamtaler.

  • Me tilbyr introduksjonsprogram jf. lov om introduksjonsordninga.

  • Me bistår med å kome på plass i fyrste bustad, og bistår deretter med burettleiing i ein oppstartsperiode.

  • Me bistår fyrste gongene dei er ute og handlar mat og utstyr. Me viser og informerer om kvar og korleis dei kan gjere innkjøp så rimeleg som mogleg.

  • Me samarbeider med dei ulike instansane når det kjem nye flyktningar til bygda for å gje ein god start, og me bistår ved oppstart i barnehage og skule.

  • Me etablerer fyrste kontakt og viser flyktningane kvar dei kan henvende seg for å få kontakt med helsevesen, kommune, oppvekst, politi, utdanningsinstansar m.m.

  • Me samarbeider med frivillege lag og organisasjonar og oppfordrar desse til å gje tilbod om leksehjelp, flyktningguide m.m.

  • Me gir opplæring i norsk arbeidsliv (arbeidsmoral/arbeidskultur, bruk av eigenmelding, søknad om permisjon, føring av timelister m.m), og me samarbeider med kommunen og næringslivet og framskaffar språk- og arbeidspraksisplassar i kommunen, slik at dei skal få prøve seg i norsk arbeidsliv før dei skal søkje seg arbeid.

  • Me lærer flyktningane korleis dei kan få oversett dokumenta sine til norsk/engelsk, og bistår dei med søknadsskjema for godkjenning av utdanning.

  • Me bistår dei med å søkje utdanning.

  • Me formidlar kvar flyktningen kan henvende seg for å få bistand til ulike skjema (til dømes oppvekst for å søkje barnehage, kommunen for å søkje bustøtte, helsesenteret for å få fylt ut skjema til pasientreiser, politiet for ulike skjema knytt til opphaldsløyve, reisebevis m.m).

  • Me arbeider heile tida med å motivere flyktningane til å delta i aktivitetane knytt til den einskilde sitt program, og me fører fråvær og trekkjer i løn dersom dei ikkje følgjer opp plikta til deltaking i programmet.

     

Resten av NAV Luster:

  • Opplæring i kva NAV er.

  • Lærer dei opp i bruk av digitale løysingar på NAV.no

  • Gir opplæring i å skrive CV.

  • Gir opplæring i korleis dei kan finne ledige jobbar.

  • Gir opplæring i å skrive jobbsøknad.

  • Næringslivskompetanse.

  • Gir opplæring i norsk arbeidsliv (arbeidsmoral/arbeidskultur, bruk av eigenmelding, søknad om permisjon, føring av timelister m.m), og me samarbeider med kommunen og næringslivet og framskaffar arbeidspraksisplassar i kommunen, slik at dei skal få prøve seg i norsk arbeidsliv før dei skal søkje seg arbeid.

  • Tiltak i arbeidspraksis (Inkluderingstilskot, Mentor, KVP, lønstilskot ved overgang til arbeid m.m)

  • Bistår med økonomisk råd og rettleiing, og oppfordrar dei som ikkje har tilstrekkeleg økonomi til livsopphald til å søkje økonomisk sosialhjelp framfor å ta opp privat gjeld.

  • Dersom nødvendig gir NAV bistand i å fylle ut søknad om økonomisk sosialhjelp.

  • Dersom ein flyktning vert sjukmeld følgjer NAV opp på lik linje som norske sjukemelde får oppfølging.

Målsetjinga er at flyktningane våre skal klare seg sjølv i Noreg, og Luster. Me prøver såleis å bistå med hjelp til sjølvhjelp. Vi yter rettleiing, det viktig at flyktningane lærer kvar dei skal gå og kven dei skal kontakte for å få kvalifisert bistand (lege bistår med diagnose, skulen bistår med opplæring, frivillege bistår med fritidsaktivteter m.m)