Til verksemder i Luster kommune
No til hausten blir det tilbod om norskopplæring for framandspråklege arbeidsinnvandrerar på A2 nivå i Gaupne. Kurset er særleg aktuelt for tilflyttarar som har fullført norsk A1 eller er på tilsvarande nivå frå før.
Vi anbefaler ikkje kurset for dei som ikkje kan noko norsk i det heile tatt. Dette er eit litt vidaregåande kurs.

Folkeuniversitetet og Luster Kommune har sidan 2017 hatt eit godt samarbeid om norsk-opplæring. Det førte hausten 2017 til to fulle kurs i Gaupne på norsk A1. No til hausten tek vi dette eit steg vidare og gjer tilbod om kurs i vidaregåande norsk A2.
Kurset vil starte i veke 35, tysdag 27 august og torsdag 29 august på Gaupne Skule. Det er plass til 15 deltakarar og det blir berre dette eine kurset som blir sett opp no i haust.  

Det blir undervisning 4 skuletimar to gonger i veka over totalt 48 timar. Kurset vil koste kr. 4800,- + ca 700 i lærebøker = totalt kr. 5500,-. Luster Kommune vil dekke 50% = kr. 2750,- pr deltakar.
Det blir anbefalt at resten av kostnadene blir dekka gjennom ei deling mellom verksemda og den einskilde deltakaren. Sist i 2017 var eigenandelen kr. 1000,- og verksemda dekka resten.

Ein kan melde seg på ved å klikke her