A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
tullifura 2009

Obs: Utsett til torsdag 30.aug grunna store mengder regn tysdag!

Tilbake til Tullifura

Torsdag (30.aug) prøver me att: Heile skulen på tur - tilbake til Tullifura, der skulen hadde "Rydd eit kulturminne" i 2009. 

Alle må ha med stor og god niste (gjerne til å ete to gonger), drikke, gode tursko, regnklede og evnt skifteklede. Det er lov å ha med ein liten tursjokolade for dei som vil.

5.-7.trinn skal gå frå Prestegarden, så dei som følgjer drosjen kan stige av der. Dei som følgjer bussen/ikkje har skyss, blir køyrt ned til Prestegarden med bussen så snart 1.-4. er ute. Dei startar å gå frå Prestegarden om lag kl 9. Dei minste køyrer buss heilt opp til Halveg, der møtest alle.

Me er tilbake til vanleg skulerute-tid kl 14.45, men det vert altså ikkje bading denne torsdagen.

Dei eldste (5.-7.trinn) skal altså gå gamlevegen frå Prestegarden i lag med Marie medan 1.-4.trinn tek bussen med Else Marie opp til Halveg (Arvid og Jorunn Anita køyrer eigne bilar slik at me har plass til alle elevane nedatt). Kanskje vert Asbjørg med oss på gamle stiar òg. I tunet i Halveg vil Else Marie og Arvid ha eit lite opplegg som minner oss om dei sterke spelemannsrøtene i grenda.

Me går alle (forhåpentleg i lag med grunneigar Birger Halveg som kjentmann) opp til Tullifura og vidare til Vindolen, visstnok eit veldig flott utsiktspunkt der få på skulen har vore. Det er berekna at me vil bruke om lag to timar på å gå frå Halveg opp til Vindolen, om det vert for langt for nokre, deler me oss berre undervegs. Frå Halveg køyrer me tilbake til skulen til kl 14.45, og skuleruta går til vanleg tid.

 

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS