Folkeuniversitetet og Luster Kommune har sidan 2017 hatt eit godt samarbeid om norsk-opplæring. Det førte hausten 2017 til to fulle kurs i Gaupne på norsk A1. No, hausten 2019 har vi hatt eit norsk A2 kurs og over nyttår tek vi dette eit steg vidare og gjer tilbod om kurs i vidaregåande norsk B1, retta mot framandspråklege arbeidsinnvandrerar i Luster Kommune. Vi ber no om at verksemdene informerer om dette tilbodet internt.

Kurset i Norsk B1 er på totalt 96 timar og delt i to modular - Norsk B1 del 1 og Norsk B1 del 2. Begge modulane er på 48 timar. Denne e-posten gjeld Norsk B1 del 1.

Vi anbefaler ikkje kurset for dei som ikkje kan noko norsk i det heile tatt. Dette er eit kurs for på mellomnivå, retta mot dei som allereie har basiskunnskapar i språket og som ønskjer å bli mer sjølvstendig når ein kommuniserer på norsk. For å sjå om ein held A2 nivå, kan ein ta nivåtesten til Folkeuniversitetet her: http://cefr.folkeuniversitetet.no/. For å ta norsk B1 er det ein fordel å ha norsk A2 nivå frå før.

Kurset vil starte i veke 03, tysdag 14 og torsdag 16 januar på Gaupne Skule. Det er plass til 15 deltakarar. Når B1 del 1 er over, vil ein kunne gå vidare med B1 del 2 – om vi får 10 eller fleire deltakarar.  

Det blir undervisning 4 skuletimar to gonger i veka over totalt 48 timar. Kurset vil koste kr. 5750,- + kr 750 i lærebøker = totalt kr. 6500,-. Luster Kommune vil dekke 50% av kostnadene= kr. 3250,- pr deltakar.
Det blir anbefalt at resten av kostnadene blir dekka gjennom ei deling mellom verksemda og den einskilde deltakaren. Sist i 2017 var eigenandelen kr. 1000,- og verksemda dekka resten.

Ein kan få meir informasjon eller melde seg på ved å klikke her