Tilrår ikkje konsesjon til Statkraft
Kommunestyret sin uttale vedkomande Statkraft sin søknad om konsesjon for utbygging av Vigdøla og Vestsideelvane i Jostedal, samt heving av Tunsbergdalsdammen er no sendt til NVE.
Saka var føre i kommunestyret den 18. oktober.
Framlegg frå Senterpartiet fekk fleirtal med 16 mot 13 røyster:
"Luster kommunestyre syner til rådmannen si saksutgreiing med tilhøyrande vurderingar, og vil gje uttrykk for at Luster kommune og Jostedal har hatt stor nytte av tidlegare kraftutbyggingar. Ut frå ei samla vurdering finn kommunestyret likevel at det ikkje er samsvar mellom dei inngrep og konsekvensar utbygging vil gje, og dei vilkår kommunen er stilt i utsikt. Kommunestyret rår difor til at Statkraft Energi AS ikkje får konsesjon for dei omsøkte utbyggingane utan at det vert stilt strenge konsesjonskrav og Luster kommune får tydeleg vederlag for å avstå ytterlegare naturressursar til storsamfunnet."
