Det er fylkeskommunane som forvaltar denne ordninga for Kulturdepartementet, og kommunane skal sikre at søknadane fyller dei formelle krava og gje uttale om behovsvurderinga før dei overfører søknadane til fylkeskommunen.

Les meir om ordninga på fylkeskommunen sine heimesider: Tilskot til kulturbygg i Vestland - Vestland fylkeskommune

 

Søknadsfrist

Kommunen skal kvalitetssikre og ev. prioritere søknader. Frist for å registrere søknad er 1. april 2024.

 

Korleis søkjer du

Søkjar skal sende inn søknaden med alle vedlegg elektronisk på www.anleggsregisteret.no/kulturanlegg/ via kommunen der kulturbygget ligg. Søkjar har ansvar for at søknaden er i orden, inklusiv alle vedlegg, ved innsending til kommunen.