Reglement for tilskot til kulturføremål 2019 - 2022​

Kommunestyret har vedteke nytt reglement gjeldande frå 2019. 

Nye elektroniske skjema tilpassa reglementet ligg nedanfor under fana Skjema

Informasjonsmøte og presentasjon av nye skjema: Rådhuset den 4. mars kl. 19.00.

Me gjer merksam på at frivillige organisasjonar må dokumentere talet på betalande medlemar og aktivitet med årsmelding og revidert rekneskap.
Revisor må stadfeste tal medlemer, totalt og under 20 år, inkl. familiekontingent. Desse opplysningane kjem ikkje fram av rekneskapen.