1,7 millionar til verna kulturminne i heile fylket

Kinn i nord og Sveio i sør er kommunane som får mest tilskot til verna kulturminne no i vår. Til saman 20 kommunar får tilskot.

Strandsitjarmiljøet i Solvorn sett frå fjorden.
STRANDSITJARMILJØ: Luster kommune er ein av kommunane som no får tilskot til verna kulturminne. Kommunen får 55 000 å skifting av taktekke på hus i det karakteristiske strandsitjarmiljøet i Solvorn. (Foto: Vestland fylkeskommune)

Sveio kommune får til saman 170 000 kr til tiltak på fire kulturminne ulike stadar i kommunen. Kinn kommune får 160 000 kr til å restaurere delar av taket på løa på Svanøy Hovedgård på øya Svanøy søraust for Florø.

20 kommunar i fylket fekk midlar til store og små tiltak på verna kulturminne då hovudutval for kultur, idrett og inkludering fordelte tilskot i møtet 27. april.

Støtte fører til lokalt engasjement

– Kommunane har eit viktig ansvar på kulturmiljøfeltet, og fylkeskommunen skal vere ein god støttespelar og samarbeidspart. Sjølv om vi ikkje har høve til å løyve alt det er søkt om, så er alle tilskot viktige. Støtte fører gjerne til lokalt engasjement og samskaping, som igjen fører til at kulturmiljø og kulturminne får høgare status og blir tekne godt vare på i lokalsamfunna, seier Stian Davies, leiar for hovudutvalet.

Kommunane søkte om til saman om lag ti millionar kroner, medan hovudutvalet hadde 1,7 millionar til fordeling.

Ta vare på kulturminne og kulturmiljø

Målet med tilskotsordninga for verna kulturminne er å ta vare på kulturminne og kulturmiljø i Vestland, og å hindre at dei går tapt. Tilskota skal vere bidrag til å sikre kulturminna som berekraftig ressurs, og som grunnlag for kunnskap, oppleving og verdiskaping.

Hovudutvalet løyvde tilskot til tiltak i 20 kommunar, og det ligg ei oversikt over alle tiltaka med ei nærare skildring av dei i vedlegget til den politiske saka (pdf). Hovudutvalet gjorde ingen endringar i tabellen i vedlegget.