A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
Prosjekt tre

Tredje og fjerde dag i prosjektperioden

Dagane går fort når me er så ivrige. Me høyrer i gangane at borna snakkar om at dei gler seg til prosjekt, og me ser dei likar å gå i djupna på ting. Og å leike på andre avdelingar er stas. Me var spente på korleis det kom til å gå sidan så mange skal omorganiserast nokre timar på dagen, men borna tek det kjempefint! Det blir ein utfordring med vottar som ikkje er merka, sidan me pakkar ned på ein avdeling og oppatt på ein anna. Men alt er på huset, så dersom de saknar vottar eller anna, så dukkar det nok oppatt. Tips: Merk kleda! :)
På Turkis base jobbar dei med omgreps-tre, slik bildet viser.
God helg til alle born og foreldre!

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS