Lokale hjelpetilbod

Psykisk helseteam for vaksne: Tilgjengeleg på telefon i kontortida på kvardagar bortsett frå julaftan og nyttårsaftan på tlf 57 68 56 34. Psykisk helseteam kan kontaktast direkte utan tilvising frå lege, og er eit lågterskeltilbod. Dersom akutt behov for hjelp må du kontakte lege. 

Helsestasjonen: Helsestasjonen er open kl 8-15 alle kvardagar, bortsett frå julaftan og nyttårsaftan.  Helsesjukepleiar og jordmor er då tilgjengelege på telefon 57 68 56 05.  Jordmor kan også nåast på telefon 915 51 273 i kontortida.  Barseltilbodet «Paviljongen» er stengt i jul – og nyttårshelga, men det er tilgjengeleg jordmor for polikliniske konsultasjonar – telefon 576 40 200

Sogn barnevern: Tlf. dagtid: 975 06 095. Vakttelefon utanom ordinær arbeidstid: 400 22 988. Foreldre kan sjølve ta kontakt med barnevernstenesta for råd og rettleiing utan at det vert oppretta sak. Barnevernet oppmodar om låg terskel for å ta kontakt.

Er du uroleg for eit barn? Luster kommune sitt oversyn over hjelpetiltak og -instansar for barn og unge

Familekontoret i Sogndal held til i Parkvegen 5. Telefon 466 19 280, epost familiekontora.sunnfjord-sogn@bufetat.no

Luster frivilligsentral sitt tilbod om ringevenn.

 

Handlingsplan mot vald i nære relasjonar 2020 – 2024

Barn og unge

Alarmtelefon for barn og unge: 116 111
Alarmtelefonen er eit nødnummer for deg som er utsatt for vold, overgrep eller føler deg utrygg på andre måtar. Du kan også ringe dersom du er bekymra for nokon du kjenner. Telefonnummeret er 116 111 og er helddøgnope i samband med korona-situasjonen. 

  • Kors på halsen er eit tilbod til deg under 18 år, bemanna av frivillige vaksne frå Røde Kors. Der kan du snakke om det du er opptatt av, uansett tema. Du kan velge om du vil ringe tlf. 800 333 21, chatte, eller sende epost. Du kan også snakke med andre på din alder på forumet.   
  • BaRsnakk er eit chattetilbod til deg med foreldre, eller andre nær deg, som har eller har hatt eit rusproblem. Du kan skrive anonymt om det du er opptatt av. Tilbodet er drive av frivillige i organisasjonen Barn av rusmisbrukere.   
  • SnakkOmPsyken.no er Blå Kors sin chatteeneste for deg mellom 9-19 år. Her kan du chatte om vanskelege tankar og følelsar. 
  • UngPrat.no er ein samtaleteneste til barn og unge mellom 13-24 år som treng nokon å prate med. 
  • Redd barna - her kan du få hjelp 
  • Hjelpetelefonen - Mental helse ungdom
  • ROS-rådgiving om spiseforstyrrelser

Vaksne og familie

Dette er ei krevjande tid for barn og vaksne. Dersom du synest det er vanskeleg å handtere situasjonen, eller treng hjelp for å vere ein god forelder, er det fleire gode tilbod til deg.  


Aktuelle lenker til gode informasjonskjelder om spørsmål knytt til koronasituasjonen:

Trygge råd til foreldre i koronakvardagen – Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet 

Råd om korona til foreldre, barn og unge frå Helsedirektoratet/helsenorge.no

Utdanningsdirektoratet si side om stengde barnehagar og skular – reglar og råd

Vald og overgrep

Krisesenteret i Florø

Vold- og overgrepslinjen 116 006 er ei døgnope hjelpelinje for deg som opplever vald i nære relasjonar eller er bekymra for nokon du kjenner. Tenesta er anonym.  

Hjelpetelefonen for seksuelt misbrukte

Vern for eldre Hjelpetelefon for eldre som er, eller står i fare for å bli, utsett for overgrep.

Rus- og spelavhengigheit

Anonyme Alkoholikere (AA)  Anonyme Alkoholikere er eit fellesskap av kvinner og menn som deler sine erfaringar, styrke og håp med kvarandre for at dei kan løyse sine felles problem og hjelpe andre å friskne til frå alkoholisme. Telefon: 911 77 770

Hjelpelinjen for spelavhengige

Ta vare på deg sjølv

Kva grep kan du ta for å hjelpa deg sjølv? 

Det er mange som reagerer med uro på koronapandemien. Dei som er sårbare for stress kan oppleva ei auka aktivering og bli uroa, irritable og opptre mindre rasjonelt enn elles. Kroppen vår reagerer automatisk på det me opplever som farleg. Når fara er diffus slik som det er med eit usynleg virus, blir dei naturlege reaksjonane våre forstyrra. Då tenkjer me mindre med fornufta og meir med kjenslene våre.

Her har du 6 råd som kan vera med på å dempa uro:

  1. Skaff deg innsikt i kva som er myndigheitene sine anbefalingar. Den beste informasjonen om koronaviruset finn du ved å gå inn på helsenorge.no. Vidare kan du gå inn på Folkehelseinstituttet sine sider. Informasjonen som vert lagt ut på NRK.no er også oversiktleg og god. Regjeringa også laga seg ei eiga informasjonsside. 
  2. Avgrens tida du følgjer med på nyhenda om koronapandemien. Du treng ikkje oppdatering kvart minutt.
  3. Fyll hovudet med noko anna t.d. les ei god bok, lytt på ein podcast, hobbyar osv.
  4. Fysisk aktivitet. Gå ein tur dersom du har høve til dette. Frisk luft dempar uro som du har i kroppen, styrkar deg og kan gjera det lettare for deg å få sova om kvelden.
  5. Gjer noko for nokon andre. Frivillig arbeid. Du kan vera ein trygg person for andre.
  6. Hald på døgnrytmen din. Rutinane skapar tryggleik og føreseielegheit, og førebygg konfliktar. Kroppen vår er eit «vanedyr» så mangel på struktur kan lett skapa indre uro.