Barnefattigdom.jpgFrivillige organisasjonar, private aktørar og offentlege instansar kan søke om midlar.

Målet for ordninga er å motverke eller dempe konsekvensen av fattigdom blant barn og unge. Tilskotsordninga skal vere eit virkemiddel for å betre moglegheitane for at fleire barn og unge skal få delta på sosiale arenaer og aktivitetar uavhengig av foreldra si inntekt og sosiale situasjon. Tilskotsordninga gjev støtte til tiltak som bidreg til at barn og une som veks opp i inntektsfattige familiar kan delta i kultur- og fritidsaktivitetar, ferieaktivitetar og på alternative mestringsarenaer.

Nasjonal tilskotsordning mot barnefattigdom er eit av fleire tiltak i regjeringas strategi som skal bidra til å nå regjeringas mål om at alle barn, uavhengig av foreldras økonom, skal ha moglegheit til å delta jevnleg i minst ein organisert fritidsaktivitet saman med andre.

Luster kommune har ein knutepunktfunksjon og har sendt inn eit bekreftelsesskjema for å opne opp for søknadar.

Alle søkarar skal nytte Barne-, ungdoms- og familiedirektoratets søknadsskjema og søke gjennom søknadsportal for tilskot.

Mer informasjon og søknadskjema her
Spørsmål kan rettast til Britt Veum Hauge på e-post britt.veum.hauge@luster.kommune.no eller telefon 57685536.