Uttale om fødetilbodet i Indre Sogn

Formannskapet har på møte i dag, 27. oktober, vedteke å sende uttale til Helse Førde sin rapport om fødetilbodet i Indre Sogn.

Luster formannskap viser til høyringsbrev frå Helse Førde HF av 5.10.11, jf. rapport frå arbeidsgruppe som har vurdert det framtidige fødetilbodet for kommunane i Indre Sogn. Formannskapet vil gje slik uttale:

 
1.      Arbeidsgruppa har overfor styret i Helse Førde tilrådd at ein ikkje går vidare med tanken om å etablere ei jordmorstyrt fødestove ved Lærdal sjukehus. Sjukehuset har inntil nyleg, og etter at fødeavdelinga vart avvikla, hatt ei forsterka fødestove. Arbeidsgruppe tilrår no at det vert etablert ei følgjeteneste, eit barselstilbod og ein poliklinikk for gravide.
 
Etter at fødeavdelinga i Lærdal vart lagt ned, har talet på fødande frå Luster kommune gått ned ved sjukehuset. Frå 2008-10 skjedde berre 15% av fødslane frå vår kommune i Lærdal.
 
2.      Luster kommune har forståing for at særleg kommunane Årdal og Lærdal ønskjer at det no vert etablert ei jordmorstyrt fødestove ved sjukehuset i Lærdal. Vi vil med dette gje uttrykk for at vi støttar kommunane på dette punktet.
 
3.      Luster kommune har for eigen del ei godt fungerande legevaktteneste. Vi er innstilt på å vidareføre denne. Vidare har vi i mange år hatt eit interkommunalt vaktsamarbeid for jordmødrene med nabokommunane Sogndal og Leikanger. Også dette vil bli vidareført. Det vil ikkje vere mogleg å føre ressursar frå dette samarbeidet til ei fødestove i Lærdal.
 
4.      Etter Luster formannskap sitt syn må det vere Helse Førde sitt ansvar å syte for eit både kvalitativt og trygt fødetilbod til alle innbyggjarane i Indre Sogn.
Share on Facebook Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinformasjon

Leiande helsesøster:

Anne Helen Strandabø
Helsesenteret

Tlf: 57 68 56 05
E-post

Kontaktinfo til alle tilsette
ved Helsetasjonen finn du
under linken Les meir...

Les meir...

Våre einingar

Web levert av CustomPublish AS