A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Utviklingsarbeid

Barnehagen:

Årsplan 2016-2017

Her finn de same årsplanen som er delt ut på papir til alle føresette i barnehagen.

2016-11-20

Jostedal oppvekstsenter - hjartet i bygda

Visjon og satsingsområde 2015-2016

Her er presentasjonen av satsingsområde i skule og barnehage 2015-2016 og visjonen "Hjartet i bygda" med oppgåvene foreldra svarte på på felles foreldremøte for oppvekstsenteret torsdag 27.aug 2015:
 

2015-08-27

Haustens prosjekt med DIALOGISK LESING i barnehagen

"Blåbærturen"

Her kan de sjå den flotte musikkvideoen med 5-åringane i Jostedal barnehage!

2015-10-28
nkul-illustrasjon

Onsdag - fredag er Mette rektor/styrar i Trondheim på NKUL:

Konferanse om ikt i oppvekst og utdanning

Som ein del av Luster kommune si satsing på IKT innan oppvekstsektoren, er eg (Mette) med som rektor/styrar i delegasjonen som er på den store, årlege konferansen "NKUL" om ikt i barnehage og skule i lag med nærare 1250 andre skule- og barnehagefolk frå heile landet. Første dag på konferansen har me mellom anna høyrt Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen i debatt med Trond Giske. Me deltek vidare på ulike foredrag som skal inspirere og hjelpe oss vidare med dette arbeidet i Luster. I kveld skal eg halde miniforedrag om korleis me jobbar med omgrepslæring i 6.-7.klasse. Me vonar det vert nyttige dagar!

2015-05-06

Barnehagen sin

Årsplan 2014/2015

Du finn årsplanen for 2014-2015 her PDF document ODT document .

2015-02-06

Prioriterte tiltak 2014/2015

Satsingsområde SPRÅKUTVIKLING

Me er no inne i det andre året med språkutvikling som eitt av to satsingsområde etter at me tok Ståstadanalyse for skule og for barnehage våren 2013. Under følgjer ei liste over prioriterte tiltak for inneverande skule- og barnehageår. I tillegg jobbar me sjølvsagt med språkutvikling på mange plan i kvardagen både i skule og barnehage, men tiltaka under er enten litt nye, er særskild viktige for samarbeid mellomskule/barnehage og heim, eller dei går på tvers av alderstrinn og fag.

2014-09-03

To utvalde satsingsområde: Språkutvikling og Demokrati

Jostedal oppvekstsenter 2013-2015

2014-09-03
Milla og Julia i kommunestyret

Milla, Julia, Anne Kristin og Oddbjørg synte

Kommunestyret korleis me jobbar med språkutvikling

Torsdag 25. september vart me inviterte til å komme i kommunestyret å fortelje om opplegget me har hatt i barnehagen. Julia og Milla fekk presentere kvar si bok, og Anne Kristin fortalde om dialogisk lesing. Etterpå fekk me lunsj. Flott at me vart inviterte!

2014-09-30
roundtable

Etter foreldresamtalane har me endra litt på utforminga av

VEKEPLANANE til skulen

Me har hatt veldig hyggelege og nyttige foreldresamtalar denne våren, og heldigvis fått nokre tips til korleis informasjonen frå oss kan bli enno tydelegare.

2014-09-03
Osland_Kyss ein bokstav_150x214

Boktimen får merksemd utanbygds, og skulen har trekt vinnarar av Juleles

Leselyst i skule og barnehage

Å vere glad i å lese er ein hjørnestein for ungar vidare i livet, og er difor noko me i skule og barnehage jobbar mykje med. I barnehagen set me fokus på leselyst og høgtlesing m.a. gjennom bibliotek med utlån i garderoben, og med "Boka mi" kvar veke. Skulen hadde no i jula ein kampanje for å lese eller bli lesen for kvar dag ("Juleles"), og i dag trakk me ut nokre av deltakarane som fekk velje nye bøker til klassebiblioteka sine. 

2014-09-03
Powered by CustomPublish AS