Vi får lite vaksinedosar i veke 27 og 28 og legg ikkje ut nye timar i dag fredag 25/6. 84 dosar vi får 7/7 vil bli haldne tilbake for å bli brukt til revaksinering 14/7.

Det har vore vanskeleg å gje ut prognosar for vaksinasjonsarbeidet pga fleire reduksjonar av vaksineleveransar til landet. FHI har nå levert prognosar fram til november.

Det er per 25/6 sett 3700 vaksinedosar, av dette er 2172 til 1. dose og 1528 til 2. dose. Dvs. 41,8% av våre innbyggjarar har fått 1. dose mens 29,4% har fått 2 dosar og er ferdig vaksinerte.

Desse gruppene er ferdig vaksinert med 2 dosar per 25/6-21:

  1. Dei som bur på omsorgssenter
  2. Dei som er >85 år
  3. Dei som er i aldersgruppa 75-84 år
  4. Dei som er i aldersgruppa 65-74 år og 18-64 år med høg risiko

Desse gruppene har fått/får tilbod om 1. dose per 25/6-21:

  1. Dei som er 55-64 år med underliggande sjukdommar 
  2. Dei som er 45-54 år med underliggande sjukdommar 
  3. Dei som er 18-44 år med underliggande sjukdommar 
  4. Dei som er i aldersgruppa 55-64 år

Vi startar på  aldersgruppa 45-54 år 30/6. Vi får 228 dosar, 10% av første dose går til prioritert helsepersonell, resten går til 1. dose av aldersgruppa. Vi har 668 innbyggjarar i denne aldersgruppa(vel 27% har fått dose 1) så vi blir ikkje ferdige med gruppa før tidlagast i veke 28/29.

Sjå tabell under for prognosane.

Når aldersgruppa 45-55 år har fått tilbod om 1. dose vil desse får tilbod: 40-44 år samt 18-24 år. Desse utgjer 709 personar. Vi vil venteleg kunne starte med denne gruppa i veke 30.

Vi vaksinerar alle i same aldersgruppe. Dvs dei som fyller 18 år i 2021 altså 2003 kullet.

Gruppa 24-39 år får vaksinetilbod som siste gruppe. Desse får tilbod om 1. dose frå midten av august. Det er staten som definerer prioriteringa.

Alle som nå får 1. dose vil få 2. dose etter 12 veker. Når det er betre vaksinetilgang kan dette intervallet bli forkorta.

Vaksinebestilling skjer via HelseNorge. Dei som er i rett aldersgruppe får SMS frå Luster kommune med beskjed om å bestille time. Dei som ikkje klarer dette sjølve kan gjerne få hjelp av familie eller ringe vår Koronatelefon 906 72 675. Det kan i periodar vere stor pågang.

All vaksinering skjer i Idrettshallen. Vaksineringa er frivillig og gratis.

Prognose for vekene 27-33 (Veke 28-29 har prognosen moderat usikkerheit. Veke 30+33 har prognosen stor usikkerheit.):

Veke

Dato

Dosar

Til 2. dose

Til 1. dose

Aldersgruppe

27

7/7

144

19

49

84 blir overførd 14/7

45-54

28

14/7

114

198

0

 

29

21/7

328

48

280

45-54

30

28/7

328

6

322

45-54

40-44

18-24

31

4/8

328

4

324

40-44

18-24

32

11/8

370

0

370

40-44

18-24

25-39

33

18/8

360

2

358

25-39