A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
Matordning i barnehagen

Vanleg matordning i barnehagen etter haustferien

Ordninga med matpakke i barnehagane varar til og med haustferien. Frå og med 18. oktober går barnehagane i Luster attende til vanleg ordning med matservering slik det var før pandemien.

Spørjeundersøking om mat og måltid i barnehagen

Det var god oppslutnad om spørjeundersøkinga blant føresette om matpraksis og måltid i barnehagen.

Til saman kom det inn 184 svar. I spørjeundersøkinga fekk føresette uttala seg om matpraksis før og under koronapandemien, og kva dei synest bør vera permanent ordning frametter.

Kort oppsummert  var eit fleirtal av føresette sånn passe eller mindre nøgd med matpakkeordninga som har vore i barnehagen fram til no. Når det gjeld permanent matordning i barnehagen er det meir nyansert, men eit stort fleirtal kryssa av for alternativet om at «Barnehagen serverer brødmat kvar dag og varm mat innimellom»,
det vil seia matordninga slik den var før pandemien. Majoriteten av føresette har også kryssa av på at nivået på matpengane er ok høge.


Elles kom det inn mange konkrete innspel og kommentarar til både matpengar, matordning og måltid, som vert teke med vidare i det interne arbeidet.


Knut Åge Teigen
Kommunalsjef oppvekst
Luster kommune

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS