Vatn

Det er 12 plangodkjenningspliktige vassverk i Luster. 9 av desse er  kommunale. Dei forsyner om lag 60 % av innbyggjarane i kommunen.

Dei kommunale plangodkjenningspliktige vassverka er følgjande:

• Veitastrond vassverk

• Hafslo vassverk

• Gaupne vassverk

• Høyheimsvik vassverk

• Dale vassverk

• Skjolden vassverk

• Gjerde vassverk

• Jostedal vassverk

•  Breheimsenteret vassverk

Kommunen eig fire vassverk som ikkje er plangodkjenningspliktige; Fortun vassverk, Hestehagen vassverk, Drægni vassverk og Sagerøy vassverk. Alle er registrert hjå Mattilsynet. På Ornes vert det ikkje levert drikkevatn, kun brannvatn og gråvatn til næringsbygg.

Talet på vassverk er svært omfattande for ein kommune med vel 5000 innbyggarar og med eit stort geografisk område.

Avlaup

Luster kommune har om lag 57 800 meter avlaupsleidningar i kommunen. Utslepp skjer først og fremst i sjø på djupt vatn. Det er i tillegg 6 kommunale avlaupsanlegg med utslepp til ferskvannsresipientar. 3 i Jostedalen, 1 på Indre Hafslo og 2 på Veitastrond.

Kommunen har vedlikehald og tilsyn med over 50 pumpestasjonar i heile kommunen.

Tilknyting til vatn/avlaup

Prøvetaking private anlegg:

SognLab utfører kjemiske og mikrobiologiske laboratorieanalysar, prøvetaking og rådgiving innan områda drikkevatn, matvarer, vassdrag og avløpsvatn.