A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Veke 10

Denne veka avslutta skulen med ein flott skidag på Heggmyrane. Snøen som kom i går, gjorde til at det var gode forhold. Det er flott at skisenteret gir eit slikt tilbod, tusen takk til dei. Mange elevar utfordra seg sjølv i dag, og det er kjekt å sjå meistringskjensla deira når dei får til  eller torer. Alle samlast ved grillhytta til mat, og då var sola skikkeleg framme.

Elles denne veka har Carla vore her med skrivedans for 1. og 2. trinn. Barnehagen sin skrivedans vart utsett, fordi dei var på besøk til Gamlestova barnehage. Dei var inviterte til akedag, og dei hadde ein kjempefin dag i sola med aking og leik i snøen. Det er kjekt å bli invitert og å gjera noko saman. Toneskrinet, Judith Vestreim, var her tysdag for dei yngste, 1.-4. og barnehagen. Dei har att ein gong til med dette sangopplegget. Først er det sang og regler, så er det teiknestund til slutt. Dette skal enda opp i ei eiga sangbok. Torsdag hadde me kantine der 3. og 4. diska opp med innbakte pølser og grønsaker. Det smakte godt, og fata vart tomme.

Tysdag kjem kommunalsjef og Telemarkforsking på besøk. Det er Telemarkforsking som skal utarbeida skulebruksplanen for kommunen, og dei skal no rundt og besøka alle skulane og oppvekstsentra. Denne planen skal vera ferdig til 1. juni. Då skal dei ha klart eit framlegg til skulestruktur for kommunen.

Lustrabaatane har gitt oss refleksvestar med Solvorn oppvekstsenter på ryggen, kjempefine. Desse har me alt nytta, både på akedagen og skidagen. Det er lett å kjenna att ungane, og så er det kjekt å ha noko likt på seg. Det gir eit fellesskap. Tusen takk til Lustrabaatane for vestane.

God helg :)

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS