A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Veke 33

Då er første skuleveka overstått. Me har hatt ein fin start, og førsteklassingane våre virkar godt fornøgde. Det var ekstra kjekt at sommaren også kom tilbake. Det vert nok godt med helg for både store og små. Lærarane har stått på med planlegging og litt oppussing i klasseromma. Vaktmeistaren har fått rydda vekk alt som skal kastast, hengt opp tavler her og der, så godt samarbeid er kjekt!  Elevane er i gang med det faglege arbeidet både innan- og utandørs, og i utepausane er det aktivitet både i ballbingen og sanden. SFO er godt i gang, og elevane gler seg til å få vera der. I dag har me avslutta veka med ein flott og lærerik tur til Mosaviki og Nyre. Arne Kvalen var med som kjentmann og fortalde mykje historie frå Tønsberg og tønnefabrikken, Mosaviki og dei to familiane Mosevig som budde der, skyttarplass (standplass og skyttargrav), Artnes og om Nyre og eplehagen der. På Nyre åt me maten nede ved fjorden og såg på den flotte utsikten mot Urnes over ein blank fjord, idyll! Maxiane i barnehagen var òg med på turen. Dei var flinke å gå og kosa seg saman med elevane. Me avslutta turen ved Christianeslyst der Arne fortalde om den 200 år gamle sorenskrivargarden som er freda i dag. Dette er starten på arbeidet med nærmiljøet vårt, bruka det lokale miljøet og ressurspersonar her.

Eit bilde av førsteklassingane og Eva som kontaktlærar. Bilde av 1. kl..docxIMG_3716.JPG

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS