Veke 38

Utomhus ser det ut som hausten er her i dag, så veret vert nok meir haustleg framover. Då kan det vera lurt å tenkja på kva kle og sko elevane har på seg om dagen. Kjekt med forandring og meir vassleik! Onsdag hadde me DKS, den kulturelle skulesekken, på besøk. Det var eit opplegg, "Dans regnet", for 1.-4. trinn. Først var det workshop der elevane fekk vera med å læra seg ein dans. Etter mat hadde utøvarane ei førestilling for 1.-4. og barnehagen. Hanne Vatnøy, sang og musikk, har sangar som ligg ute på Youtube. Ine T. Hogstad er dansar. To flinke utøvarar som gjorde ein god jobb med elevane. Det var ei flott førestilling. Elevane tykte det var kjekt og ynskjer dei tilbake! 1.-4. har elles jobba med dyr i Afrika denne veka. I kunst og handverk har dei laga store, fine ugler som skal pynta i klasserommet. 3. kl. har jobba med vokal og konsonant. 4. kl. har jobba med tankekart og forteljing i norsk. 5.-7. har lært om kommunestyre, fylkesting og rettsvesen.

PS: Forskarar frå Høgskulen og Vestlandsforsking inviterer til aktivitetar, undring og innblikk på AMFI Sogningen i morgon, laurdag, kl. 12.00-14.00.

Ha ei koseleg og haustleg helg:)

 

2016-09-23 Grete Marie Skårhaug Solvi
Tips ein ven  Skriv ut