A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

VEKE 46

I dag hadde me kantine for heile oppvekstsenteret med gode innbakte pølser som 3. og 4. hadde laga. 1. og 2. hadde øvd inn sangar til kulturøkta som dei framførde med god røyst. Dei avslutta med eit rollespel til "Det står ein friar uti gar´e". Så flinke elevar, og det er kjekt å sjå dei likar å opptre. Me er ferdige med nasjonale prøvar for 5. trinn. 4. trinn skal ha kartleggingsprøve i digitale ferdigheiter måndag 28. Årets elevundersøkelsen til UDIR er obligatorisk å ta no i haust for 7., og me vel å ta den for 5.-7. Då får me eit større vurderingsgrunnlag for korleis elevane våre har det på skulen. Den er anonym og vert i veke 47 eller 48. Tema i undersøkinga er: Trivsel, motivasjon, arbeidsforhold og læring, heim-skule-samarbeid, støtte frå lærar, yurdering for læring, medverknad, reglar på skulen, trygt miljø, rådgjeving.

Elles er me i gang med utviklingssamtalar både i barnehagen og på skulen.

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS