A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Veke 47

Denne veka har me fått helsa på tre nye gutar som skal begynna på skulen hjå oss. Dei begynner på måndag, og me har fått vorte litt kjende med dei. Me gler oss til dei kjem måndag og håpar at dei vil trivast. Velkomne skal dei vera! Gro Anita R. har vore i Irland på studiebesøk denne veka saman med andre lærarar frå Luster. Luster er kome med i eit prosjekt, Erasmus+, der temaet er tidleg innsats og overgang barnehage-skule. Prosjektet skal vara i tre år, og det er seks studiebesøk i ulike land. Ulike lærarar frå Lustraskulen skal delta på samlingane, og mai -19 vert samlinga i Luster. Torsdag var Carla her og hadde skrivedans med barnehagen og 1. og 2. trinn. Monica Klinbajl, frå Sogn kulturskule, var her først på dagen og hadde teater med 1.-4. Temaet var vennskap, og me knytte det opp til Olweus-programmet. Ho kjem att onsdag neste veke og skal vera med 5.-7.

5.-7. gjennomførte elevundersøkinga denne veka. 4. trinn skal ha kartleggingsprøve i digitale ferdigheiter tysdag neste veke. Måndag vert det tenning av julegrana ved oppvekstsenteret kl. 8.30. Tysdag er helsesøster her, og det er vaksine for 7.

Debbie Marie Eikum skal vera vikar for Gro Anita i SFO ut skuleåret. Etter jul skal Debbie også ha all engelsk-undervising ved skulen, sidan Tordis takkar for seg og går av med alderspensjon. Monica Haugen går inn i Gro Anita sin stilling i barnehagen frå 1/12-16, då Gro Anita er sjukmeld.

God helg og første søndag i advent!

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS