A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Veke 51

         

 

   Nissemarsj 2016_225x400.png  Gang rundt juletreet 2016_225x400.png

I dag har me avslutta med nissefest - nissemarsj og graut. Marsjen gjekk først ned i gata, så gang rundt juletreet. På veg opp att Haugane møtte me nissefar med nissejenta si, og dei spanderte godteri. Når me kom "heim att" var grautnissane klare med grauten, og no begynte spenninga over kven som i år kom til å finna mandelen. Etter ei stund rundt bordet, var det tre heldige som kjende noko hardt under tanna si. Dei fekk kvar sin liten premie. Elevane slutta skuledagen kl. 11.30, så no kan dei ta ein velfortent juleferie. Måndag og tysdag hadde me skikkeleg julesjau her med juleverkstad, så også i år er det mange sjølvlaga julegåver under juletreet.

Etter julefesten måndagskvelden fekk me eit overskot på 1287 kr. Det har me sendt i dag saman med overskotet frå haustmarknaden til oppvekstenteret, så då vart julegåva til NCH 12 887 kr i år. Det kan me vera stolte over alle saman!

Etter nyttår begynner Debbie i 18% stilling som lærar hjå oss, i tillegg til å ha SFO. Ho skal ha ansvar for engelsk i 3.-7. trinn. Gro Anita R. har auka sin stilling frå 80% til 100% etter nyttår. 1.-4. får ein delingstime mindre etter nyttår pga at eingongstilskotet i tidleg innsats gjeld fram til nyttår. I barnehagen begynner tre nye barn etter nyttår.

Me vil ynskja alle ei riktig god jul og eit godt nyttår!

Måndag 2. jan. er det planleggingsdag både i barnehagen og skulen, så me snakkast att tysdag 3. jan. til vanleg tid.

 

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS