A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
roundtable

Etter foreldresamtalane har me endra litt på utforminga av

VEKEPLANANE til skulen

Me har hatt veldig hyggelege og nyttige foreldresamtalar denne våren, og heldigvis fått nokre tips til korleis informasjonen frå oss kan bli enno tydelegare.

Det kom mellom anna forslag om at leksene kunne stå i ei eiga oversikt på vekeplanen til elevane i småskulen. Dette tykkjer me er eit godt forslag, og startar med det denne veka. I tillegg har 2. og 3.trinn starta med fast arbeid med omgrep frå leseleksa kvar dag, dette er eksempel på tiltak for systematisk språkutvikling (som er ei av hovudsatsingane til Jostedal oppvekstsenter dette og neste år).

Klikk dykk inn på vekeplanane til 2.klasse, 3.klasse eller 6.-7.klasse og sjå på side 2 av vekeplanen viss de vil finne ut meir om dette.

Eit anna innspel på samtale, var spørsmål om korleis ein kan finne ut av ein del ting som leksehjelpar for ungar på mellomtrinnet (5.-7.klasse), til dømes korleis det er ein skal sette opp ulike matematiske utrekningar "no for tida". Saka om "Matematikk for mellomtrinnet" er difor oppdatert med fleire lenkjer til videoar de finn på klassemenyen til mellomtrinnet - dette kan òg vere aktuelt som tema på foreldremøte.

Kom gjerne med fleire innspel eller kommentarar til dette eller andre!

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS