A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
Barnehagestart bilete

Nytt frå barnehagestart ; Måndag 17.08.2020

Velkommen til nytt barnehageår 2020 / 2021

COVID - 19
Me starter opp nytt barnehageår med tilpasningar når det gjeld smittevern på «gult nivå».
Dette betyr mellom anna at me framleis skal ha sterkt fokus på hygiene, me skal unngå klemming og håndhelsing og me skal tenkje avstand.
Dette i samband med levering og henting i garderoben på avdelingane. Me ynskjer at det ikkje skal vera meir enn 2 familiar inne i garderoben

til ei kvar tid. Me ynskjer at søsken IKKJE vert med inn på avdelinga. Vask av hendene før de går inn på avdeling.
Hugs 1 meter avstand ( gjeld føresette ).
 

Nytt frå barnehagestart 2020 – Gamlestova bhg

Då sommarferien over og nytt barnehageår står for turen J

COVID-19
Me starter opp nytt barnehageår med tilpasningar når det gjeld smittevern på «gult nivå».
Dette betyr mellom anna at me framleis skal ha sterkt fokus på hygiene, me skal unngå klemming og håndhelsing og me skal tenkje avstand.
Dette i samband med levering og henting i garderoben på avdelingane. Me ynskjer at det ikkje skal vera meir enn 2 familiar inne i garderoben

til ei kvar tid. Me ynskjer at søsken IKKJE vert med inn på avdelinga. Vask av hendene før de går inn på avdeling.
Hugs 1 meter avstand ( gjeld føresette ).

Ved sjukdom skal det pga. coronasituasjonen vera låg terskel for å halda borna heime. Det er ikkje personalet sin jobb å vurdera om barnet kan vera i barnehagen.

Er du i tvil om barnet er i form til å i barnehagen – hald det heime. Evt. kontakt helsestasjonen.

 

Matpakke ut året 2020
Gamlestova Barnehage vidarefører ordninga frå før sommaren når det gjeld matpakke, dvs. at alle barn tek med matpakkar
( frukost & lunsj ). Dette gjeld ut året 2020. Alle avdelingane vil ha ein kasse i garderoben/avdeling for å legge matboksar oppi. Dette for at alle ikkje skal ta
på håndtaket til kjøleskåpet. Barnehagen syt for frukt og mjølk. Satsen for frukt og mjølk blir justert litt opp då vi ser at satsen har vore litt for låg.

Satsen for kostpengar (frukt og mjølk) frå 1. september til 31. desember 2020 vert då:
100 % plass: 120 kr
80 % plass: 96 kr
60 % plass: 72 kr

MIN BARNEHAGE – Foresatte-app
Luster kommune tek i bruk Min Barnehage – Foresatte-app for å gjere kommunikasjonen mellom barnehage og heim enklare. For å laste ned app`en og ta systemet i bruk tilrår me
at de ser video og les temaheftet. Om du treng meir informasjon eller hjelp til å laste ned og ta app`en i bruk, ta kontakt med barnehagen din. Dei vil hjelpe deg med å komme i gang.

Informasjonsfilm om Min Barnehage – Foresatte-app

Temahefte Min Barnehage – Foresatte-app


ACTNOW
Me er med i eit forskningsprosjekt som heiter ACTNOW. Dett er knytt til kompetanseutvikling i høve fysisk aktivitet i barnehagen.
Pr dags dato veit vi ikkje om vi er tiltak- eller kontrollbarnehage. Det blir trekt i starten av september, og det blir meir informasjon om Actnow på foreldremøte i september.
Dei ungane det gjeld (født i 2015,2016 og 2017) får eige inforskriv med samtykkeskjema i hyllene på Tysdag 18.08.20.
Desse ynskjer me svar på innan 24.august !

 

Me gler oss til barnehageoppstart Måndag ( 17.08.2020 ) J og me lovar å gjere det me kan for å gje borna ein trygg og god kvardag J


Me ynskjer alle lukke til med barnehageoppstart og vonar og at de vil få ein god haust.

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS