A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
kjære studentar

Velkommen til skulestart på Luster ungdomsskule hausten 2020

Då har me hatt ein lang sommarferie, med kanskje nokre nye opplevingar og erfaringar når det gjeld reisemål mm.

Korona utfordrar oss på mange felt, men tida me har vore i og er i gir oss og nokre nye perspektiv og for nokon kanskje meir fokus og ro i kvardagen.

Uansett så skal skuleåret setjast i gang ved Luster ungdomsskule også denne hausten. Med tilpasningar når det gjeld smittevern på «gult nivå». Dette betyr mellom anna at me framleis skal ha sterkt fokus på hygiene, me skal unngå klemming og håndhilsing og me skal tenkje på avstand, dersom elevar er samla på tvers av trinn og klassar.

Me vil ta med oss god læring og utvikling ift heimeskuletida inn i dette skuleåret. Fagfornyinga gjev oss god støtte i arbeidet med å planleggje for komande år.

Det vert ikkje felles foreldremøte denne hausten. 8. trinn skal ha foreldremøte 18.08.20 kl. 18.00-20.00. Kun ein føresett kan møte pr. elev. Tema vert overgang til ungdomsskulen og «bli kjent».  Helsesøster, inspektør, rektor og kontaktlærarane vil delta. FAU vert og konstituert denne dagen. Flott om de tenkjer over om de kan stille som klassekontakt og vere med og bidra til ein god skulekvardag for elevane.

9. og 10. trinn vil ha foreldremøter seinare på hausten.

Alle tilsette på skulen har ansvar for å tilrettelegge for at alle elevane har ein trygg og god skulekvardag. Elevane har sin eigen «arbeidsmiljøparagraf» gjennom Opplæringslova §9A og kommunen har prosedyrar rundt dette. Sjå under.

Prosedyre
Opplæringslova § 9A Elevane sitt skulemiljø

 

  • Alle elevar har rett til eit trygt og godt skulemiljø som fremjar helse, trivsel og læring ( § 9A-2).
  • Skulen skal ha nulltoleranse mot krenking som mobbing, vald, diskriminering og trakassering.
  • Skulen skal arbeida kontinuerleg og systematisk for å fremja helsa,
    miljøet og tryggleiken til elevane, slik at krava i eller i medhald av kapitlet vert oppfylte. Rektor har ansvar for at dette vert  gjort. (§ 9A-3).

 

 

Krenkingar:

  • Direkte handlingar og verbale uttrykk retta mot eleven.
  • Indirekte krenkingar som utestenging, isolering og baksnakking.

Eleven si eiga oppleving er avgjerande.     

 

                                                                                                      (Prop. 57 L (2016-17)

 

 

Skulen er avhengig av at de føresette melder frå dersom de får kjennskap til mobbing. Den beste måten å førebyggje på er å ha dialog og vere tidleg ute med førebyggjande tiltak.

 

De kan gå inn og bestille mjølk på https://www.skolelyst.no/.

 

17. august 2020 kl. 09.00 startar det nye skuleåret på LUS. Elevane møter ute ved sin hovudinngang. Alle elevane skal til kvar time vente ute til lærar kjem og møter dei og opnar inn til garderoben, dette for å halde reglar om smittevern. Flott om de snakkar med ungdomane om dette. Det er og flott om dei som ein regel vaskar hendene før dei reiser til skulen om morgon.

Når det gjeld elevar som er avhengig av skuleskyss, så kan dei ta buss eller anna transport for å kome seg til og fra skulen. Elevane bør halde avstand til andre, men det er ikkje eit krav at elevane held ein meter avstand til andre medelevar, sjølv om dette er eit krav for andre reisande.

Har de spørsmål ift korona og smittevern så ta kontakt med rektor, Kristin Vee, mob. 95759303, mail: kristin.vee@luster.kommune.no.

 

Me gler oss til å ta i mot dei flotte ungdomane dykkar på måndag og me lovar å gjere det me kan for å gje dei ein trygg, lærerik og motiverande skulekvardag i året som kjem.

Me ynskjer alle lukke til med skulestart og vonar og at de vil få ein god haust.

 

Beste helsing

På vegne av alle tilsette på LUS,

Kristin Vee, rektor

 

 

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS