Vellukka skogdag i Okleviki

Luster kommune og Nortømmer arrangerte skogdag i Okleviki  på Hafslo laurdag 8. oktober. Meir enn 80 stk. var innom arrangementet i løpet av dagen og fekk sjå demonstrasjon av hogstmaskin og informasjon om skogbruk med fokus på hogst. Flott vær, skogskaffi, pølser og bollar frå Lustrabui gjorde og sitt til at dei oppmøtte fekk ein fin dag i skogen.

 Skogdag

 

Nortømmer som er tømmerkjøpar har sett i gong ein del driftar i Hafsloområdet denne hausten. I samband med dette vart det arrangert skogdag, med fokus på såkalla entreprenørdrift. Her i Luster, som elles på Vestlandet nærmar plantegrana seg hogstmoden alder. Medan vi i dag jf. statistikken for heile fylket har ca. 100.000 kbm gran som er gamal nok til å bli hogd vil dette talet stige jamt fram til 2023, med 800.000 kbm i året som bør takast ut.
Spørsmålet er korleis entreprenørkapasiteten og marknaden vil kunne møte denne store frambydinga av virke. Det er difor viktig å vere i førekant.
Torkel Hofset som er fylkesskogmeister i skog ga ei interessant innleiing med fokus på når skogen er hogstmoden, og kva treslag som har best produksjon. Ei plansje viste utviklinga av gran og furu på same mark. Hovudplan for skogsvegar er i gong, og vil legge føringar for tilskotsbruken for skogsvegar i kommunen. Etter dette gav Audun Oklevik oss litt historikk om plantingane på eigedomen. Han er tidlegare skogsbrukssjef i Luster.
Nortømmer som var representert med Jens Manger, Markus Junge og Knut Esbjørnsen gav informasjon om Nortømmer si rolle i tømmeromsetnaden på Vestlandet. Grana som vert hogd i Luster skal gå med båt til Tyskland. Etter bollar frå Lustrabui som fekk mykje skryt, vart det demonstrasjon av hogstmaskinen hjå Nesheim entreprenør. Mange hadde kommentarar til spesielt kor raskt kvistinga gjekk.
Skogbruksleiar i Luster avslutta med innlegg om forynging av skog, kommunale tilskotsordningar og orientering om den svært gode skogfondordninga. Det var elles hyggjeleg å sjå at mange barn var til stades på skogdagen. Luster kommune takkar for at familien Oklevik stilte eigedomen sin til disposisjon for arrangementet.
 

Skogdag-1

Share on Facebook Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut
Web levert av CustomPublish AS