Ole Gunnar Krakhellen opna møtet med å ønskje velkomen og deretter overtok Trine Lerum Hjellhaug stafettpinnen og snakka varmt om «korleis me må løfte i lag for å få til noko stort på ein liten plass – om samarbeid og frivillig innsats»


Stikkord i foredraget til Trine var:

-Kva som kan liggje bak drivkraft ved frivillig arbeid

-Kva som skal til for å gjera kvarandre gode (til dømes er det å ta ei avgjerd som ikkje er fullkommen betre enn å ikkje ta nokon avgjerd)

-Rettferd er ikkje nødvendigvis å behandle alle likt

-Kven skal stå i sentrum for dugnadsarbeidet


Jon Ove Lomheim, leiar i rådet for personar med funksjonsnedsetting, orienterte om rådet sitt arbeid.

Anita Kjørlaug, frå Luster frivilligsentral, snakka om frivilligheita sitt år 2022 og om kommunen sin digitale aktivitetskalendar Friskus.

Treffet vart avrunda med innspel frå nokre av deltakarane i salen. Det kom fram ønskje om at me kan finne ein dag og ein plass der alle dei frivillige organisasjonane kan få presentere seg for innbyggjarane i Luster kommune. Me har Lustramarknaden, og mange organisasjoner nyttar denne dagen til å ha stand. Det kom også fram at organisasjonsarbeid krev kunnskap, og fleire føler på at dei manglar digital kompetanse.