Verdsarvrådet består av følgjande medlem:

Marit Aakre Tennø varaordførar Luster kommune Leiar
Margrethe Stang styreleiar Fortidsminneforeninga Nestleiar
Gunhild Alis Berge Stang Vestland fylkeskommune Styremedlem
Elin Hauge Luster kommune Styremedlem
Trude Knutzen Knagenhjelm Fortidsminneforeninga Sogn og fjordane Styremedlem
Grete Bugge Samarbeidsgruppa for grendelaga på Sørsida Styremedlem
Per Jørgen Loen Solvorn bygdelag Styremedlem

Verdsarvkoordinator er Verdsarvrådet sin skrivar

Verdsarvrådet har som målsetjing å vere ein viktig arena for diskusjon, rådgjeving og avklaring i saker som kan ha verknad for oppfølging av verdsarvstatusen som er tildelt Urnes stavkyrkje. Vidare skal rådet arbeide for ei positiv utvikling av omgjevnadane rundt Urnes stavkyrkje i tråd med intensjonen i innskrivinga, verdsarvkonvensjonen og Den europeiske landskapskonvensjon.

Verdsarvrådet utarbeider ein handlingsplan, som legger føring for verdsarvarbeidet og igangsetting av prosjekt, i regi av verdsarvkoordinator.

Sidan 2020 har verdsarvkoordinator vore tilsett i Luster kommune
Verdsarvkoordinator er Sofie Klemetzen: sofie.klemetzen@luster.kommune.no

Føl prosessen mot etablering av eit verdsarvsenter på Ornes her