A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Vinter og vinterferie

I dag har barnehagen og 1.-3. kl. vore på teater på Hafslo, "den kjempestore krokodillen", i regi av Luster folkeakademi. Det var ei kjekk førestilling for både ungar og vaksne:)

4. kl. har vore på tur til Skjolden i dag. På vegen innover tok me bilde av elevane i alle bygdene me passerte. Vel inne i Skjolden vart me møtte av 4. kl. ved skulen der. Dei venta med vafler og kakao. Me hadde ei kjekk stund ilag, og kanskje det kan bli fleire besøk som dette.

5.-7. har hatt mat og helse i dag. Dei laga sei-gryte og kake. Kaka fekk dei med heim til mor!

Då håpar me alle elevane får ein fin vinterferie :)

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS