A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
Samfunnsfag 2012 -2

Visjon og pedagogisk plattform for Solvorn oppvektsenter

Frå og med barnehage- og skuleåret 2012-13 vart me Solvorn oppvekstsenter.
I førre barnehage- og skuleår jobba me med å "meisle" ut viktige verdiar for Solvorn oppvekstsenter. Desse verdiane er viktige i vårt arbeid med å utvikle born/elevar/tilsette ved oppvekstsenteret.

Visjon:
"Alle på Solvorn oppvekstsenter skal oppleve meistring kvar dag".

Vår pedagogisk plattform dannar grunnlag for trivsel, læring og eit godt miljø. For å få dette til, er fylgjande avgjerande for oss:
*Meistring fører til motivasjon, engasjement, involvering, sjølvkjensle, trivsel, ro, interesse, nysjerrigheit og glede.

*Alle skal verte sett og høyrt . Då opplever ein tilhøyrigheit, og at me bryr oss om kvarandre. Me skal sjå, og gi tilbakemelding kvar dag til kvart einskild barn/elev kvar dag.

*Alle har krav på støtte, hjelp, oppmuntring, trøyst og merksemd.

*Me skal ha tydelege vaksne og klare grenser. Tydelege rammer skapar tryggleik. Dei vaksne skal vere konsekvente i sine handlingar.

*Respekt for kvarandre. Respekt for kvarandre kan me syne ved å interessere oss for det den andre har å sei. Me kan spørje for å få meir informasjon og stadfeste overfor den andre at me tykkjer det han/ho har å sei, er viktig. Me skal ikkje avbryte, men lytte ved å nikke, ha blikkontakt og spørje om ting som bringar samtalen videre

*Fysisk aktivitet gir eit godt grunnlag for sunn helse og livsstil, og er med på å danne grunnlag for læring og utvikling.



Målsetjing: me vil skape eit godt grunnlag for god trivsel og positiv utvikling hjå alle på Solvorn oppvekstsenter.
Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS