A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

VM-kveld ved Luster oppvekstsenter

Som ein del av Handlingsplanen vår mot mobbing vil tilsette arrangere eit sosialt arrangement i året for foreldre og elevar. Sidan det nærmar seg ski-VM og elevane våre er så ivrige på ski på skulen, så vart valet vårt på dette.

VM-kveld for elevar og føresette, tilsette og studentar ved Luster oppvekstsenter 12.feb

Me hadde fire ulike stasjonar. Her er bilde frå ein av dei. Michael hadde ansvaret for denne.

To av studentane hadde grillansvar denne kvelden.

Alle er ivrige deltakarar og supportarar. Ein treng begge deler i eit VM.

Else og Stine Mari hadde laga VM-quiz. Spørsmåla måtte gruppene svara på så godt dei kunne.


Håvard og Reidun hadde ein hest og kjerre-på ski-aktivitet på marka til Ole. Der var det full fart og god innsats av både vaksne og born! Dessverre så var det så mørkt der at bileta vart dårlege. Det same gjeld på posten til Britt og Kai Idar. Dei hadde VM i "gå same runden med så lik tid som mogeleg". To lag klarde det med 6 sek sekund differanse.! Imponerande!!

Alle tilsette takkar for ein fin VM-kveld og ynskjer alle ein rett god vinterferie! :)

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS