Kunstnarane Siri Hjorth t.v., Sebastian Makonnen Kjølaas og Marianne Bredesen under avdukinga av Wittgenstein-monumentet.Kunstnarane Siri Hjorth, Marianne Bredesen og Sebastian Makonnen Kjølaas markerte eit fire års langt prosjekt-arbeid med å avduke den sju meter lange og tre meter høge «munnhand»-skulpturen laga av utvalt furumaterialar frå Nordmøre. Wittgenstein-monumentet, som er tittelen på skulpturen, er plassert på Vassbakken i Fortun.

Symbolikken i skulpturen er, den kunstnariske tanken, er knytta til Wittgenstein sin person. Han kom frå ein av dei rikaste familiane i Europa og ga bort arven sin samtidig som han var i Noreg. På mange måtar levde han «frå hand til munn». Dette kan me som kunstnarar forholda oss til, framhevar Sebastian M Kjølaas. Symbolikken er såleis handa som handlar og munnen som snakkar.

 

 

 

Trearbeidet og utskjeringa er utført på Hjerleid på Dovre. Treskjæraren Njål Andreassen t.v. her saman med kunstnarane Sebastian Makonnen Kjølaas, Siri Hjorth og Marianne Bredesen.Bilete 1: Kunstnarane Siri Hjorth t.v., Sebastian Makonnen Kjølaas og Marianne Bredesen under avdukinga av Wittgenstein-monumentet.

 

Bilete 2: Trearbeidet og utskjeringa er utført på Hjerleid på Dovre. Treskjæraren Njål Andreassen t.v. her saman med kunstnarane Sebastian Makonnen Kjølaas, Siri Hjorth og Marianne Bredesen.