Innbyggjarane blir bedne om å vere flinke med å halde god avstand til andre og å bruke MUNNBIND når dei er i butikkar og liknande. God handhygiene. Alle med symptom må halde seg heime og melde seg på til testing.

2 personar stadfesta Covid-19 positive
Ein person testa positivt for covid-19 torsdag kveld og vart sett i isolasjon. Søndag vart det stadfesta ein ny positiv prøve, noko som ikkje var uventa ifølgje kommuneoverlegen.
Smittesporing pågår. Så langt er 14 personar sett i karantene. Mistanke om mutert virus. Prøve er sendt til Bergen for sekvensering. Smittesporing er ikkje ferdig.