Bilde - benk - 29.05.2020.jpg10. klasse arbeidslivsfag på Luster ungdomsskule hadde siste timane sine i dag. Nokre jobba heimanfrå, medan desse fem (sjå bilete) fekk levere arbeid gjort dette skuleåret. Dei starta med å besøke Gaupne skule for å gje biletkort til engelskopplæringa i småskulen. Deretter fekk Gaupne omsorgsenter besøk. Tone tok imot oss ved døra, då me kom med to benkar arbeidslivsfag-gjengen har snekra. Håpar desse kan vere nyttige no som folk skal opphalde seg mykje ute 😊 Tone og Kari Bjørg stilte med fersk gjærbakst og brus - noko elevane sette stor pris på.

Elevane på biletet er Amalie, Matusala, Amund, Kristian og Erik.