polen 2013 01_1000x667

10. klasse i saltgruvene

I dag (18.09.2013) har me vore i saltgruvene. Me åt frukost klokka 8. Maten her er god. Etter frokosten tok me turen til saltgruvene. Me gjekk mange trapper nedover og fekk etterkvart lov til å sleike på veggane av salt. Me fekk omvisning og guiding gjennom heile turen som ca. varte to og ein halv time.Det var fantastisk å sjå alle skulpturane og romma laga av berre salt. På det meste var me ca. 136 meter under bakken. Då turen var over, tok me ein kjempe morosam heis som gjekk fire meter i sekundet oppatt. 
Etter omvisningen i saltgruvene, tok me bussen til Krakow og fekk gå på eigenhand der. Det var morosamt med masse shopping, litt sightseeing og god mat. Det vart nok svidd av ein del peng denne dagen.
I halv ni tida fekk me treretters middag med folkedans som underholdning. Dette var polsk folkedans kalla folklore. Etterkvart blei me bydd opp til dans og nesten alle dansa.
I morgon rullar me vidare til Berlin.

Helsing oss på tur.

2013-09-19 Rune Melheim
Tips ein ven  Skriv ut