Helsing frå 10.klasse - laurdag 22.09.2012

10.klasse på studietur - Auschwitz - Krakow

Heisann!

Her kjem ei oppdatering av korleis dei siste dagane har vore:

Ein kald og tåkefull fredag morgo reiste 10.klasse med foreldre til Auschwitz. Stemninga var dyster, og det var sterke inntrykk. Me vart fyrst guida gjennom Auschwitz 2 - Birkenau, tårer fall mens me såg på brakkane der fleir foldige menneske vart gassa ihjel. Me holdt ein liten sermoni der nokre las opp dikt, mens det vart lagt ned flotte blomar på enden av jernbanesporet. Det som gjorde sterkast inntrykk var Auschwitz 1. Denne dagen vart avslutta med gripande historiar av Håkon Sørbye.

I dag (laurdag) gjekk turen til saltgruvene i Krakow. Der fekk me oppleve gruvearbeid som starta for 700 år sidan. Jentene har elles funne ut at kapellet der er plassen å gifte seg i. Resten av dagen fekk me tid til å oppleve Krakow by. Før turen gjekk tilbake til hotellet opplevde me folklore, noko som var veldig kjekt. Både elevar og vaksne svinga seg på golvet til folkedans. I morgo går turen vidare til Berlin.

Helsing Ingrid, Marianne, Emilie og resten av 10.klasse.

Auschwitz  05

Krakow  08

saltgruvene  22. 09. 2012

2012-09-23 Rune Melheim
Tips ein ven  Skriv ut