17. mai.jpgBilete: me gler oss til å gå i stort tog neste 17 mai. I år må me ha små familietog.

Regjeringa har vedteke at forbodet for kultur- og idrettsarrangement og andre arrangement som ikkje kan ivareta kravet om 2 meters avstand, vil gjelde fram til 15. juni. Luster kommune følger dei nasjonale retningslinene.

Den norske nasjonaldagen er borna sin dag, det er nok svært mange som synest det vert leit at me ikkje kan feire 17. mai med barnetog, flagg og korps. Ordføraren oppmodar difor at alle lagar det litt ekstra kjekt for dei minste denne dagen, det er lov å lage litt «hipp hurra» heime eller i nabolaget med venner.

Og sjølvsagt må alle ungar ha fri tilgang på pølser og is heile dagen :)