Fortun og Skjolden
NVE oppmodar alle om varsemd ved elvekantane. Dei er ustabile.

Evakuerte:

1 husstand på Skjolden er framleis evakuert.

Veglause:
Fremst i Mørkridsdalen er 7 personar veglause. Deler av både fylkesveg og kommuneveg er teken av elva.
Det blir arbeidd med å få på plass midlertidig vegtilkomst.

Informasjonsmøte:
Kommunen vil arrangere ope møte i Skjolden, Fjordstova 23.10 kl.19.00
Det vert orientert om hendinga, erstatnings- og forsikringsordningar og det vidare utbetringsarbeidet.

Store materielle skadar:
Det er store materielle skadar på veger, avkøyrsle, elveforbyggingar og landsbruksareal. Mykje rundballar er reiste med elva.
Kystverket si opprydding i fjorden vert avslutta i morgon, fredag.

Veitastrond:
Fylkesvegen til Veitastrond er opna att i dag, men har smalare køyrebane på grunn av oppryddingsarbeid.

Flaum.JPGFlaum.JPGFlaum.JPG