Luster kommune har 5/1-21 2 personar i karantene. Desse har vore nærkontaktar til kjent smittetilfelle.

1 person som var i Lustrabadet 29/12 er registrert positiv koronasjuk. Er ikkje heimehøyrande i kommunen. Lustrabadet har god oversikt over besøkande og smittesporingsteamet vårt tek kontakt med alle som var i badet på same tid. Det er pr no ingen mistanke om at det har førekomme smitte.

Det er innførd innreisekontroll til Noreg. Til og med 5/1 er det registrert 6 personar i Luster, alle er i karantene og har teke koronatest.