Markeringa finn stad 8. mai kl. 15.30 ved minnesteinen framfor Lægreid hotell i Sogndal.
8. mai er Noregs frigjerings- og veterandag. Dette er den viktigaste dagen for å markera og heidra veteranar frå andre verdskrig og samstundes dra linene fram til dagens veteranar.

Desse vil vera til stades på markeringa i Sogndal: 

  • Ivar Kvalen - ordførar Luster kommune
  • Marta Sofie Vange - varaordførar Vik kommune
  • Kristin Rundsveen Bøtun - leiar komité for samfunnsutvikling  Sogndal kommune
  • Heimevernet HV 11 - med æresvakt/flagg

Program

  • Musikkinnslag - digitalt
  • Tale – ordførar Ivar Kvalen  
  • Kransenedlegging – forsvaret gjev honnør

Tekst på krans: Til minne om dei falne. Takk for innsatsen. Frå Luster, Sogndal og Vik kommunar 

  • Musikkinnslag - digitalt 
  • Slutt