A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

2. kl

Saman med Indre Hafslo Oppvekstsenter

Turdag til Berge torsdag 9.juni

Torsdag 9.juni skal me gå tur opp gamlevegen til Berge. Det vert ein matpause på Berge der me et nista vår før me går ned igjen.

Avreise er ca. kl.09.30 frå skuleplassen (elevane møter på skulen til vanleg tid).

Me reknar med å vera tilbake på skulen om lag kl. 13.00. Då vert det grilling på skuleplassen (eller Ekservollen om veret er bra). Grillmaten vil skulen spandera.

Etter turen vil det vera muleg for ungane i 3.-7.klasse å bada i fjorden ved Ekservollen. Ta i tilfelle med ein liten handduk og byteklede/badekle. Bhg + 1.-2.klasse kan få vassa i strandkanten.

2016-06-07

Besøk av "Barnevakten"

FORLENGA SKULEDAG TYSDAG 12. APRIL

Me får besøk av "Barnevakten" i klassane tysdag 12. april. Skuledagen blir då forlenga fram til kl. 14.45.

Det blir løyst på denne måten grunna skulebussen. Bussen hentar alle elevane kl. 14.50. 

Elevane får avspasering for dette ved eit seinare høve. 

2016-04-11
Yatzy_450x338

Yatzy

I dag har me øvd oss på Yatzy - som og er ein fin påskeaktivitet!

2016-03-17

Foreldremøte Luster oppvekstsenter tysdag 12.april

FAU og oppvekstsenteret inviterar til foreldremøte for Indre Hafslo og Luster på Luster oppvekstsenter tysdag 12.april kl.18.00. Jostein Bildøy frå Barnevakten kjem for å snakke om temaet "Korleis kan eg engasjere meg i barn og unge sin mediekvardag?". Bildøy vil vere på skulane om dagen og førelese for elevane våre (samt skuleklubben). Det blir derfor utvida skuledag til kl.14.40. Skulebussen reiser kl.14.45.

Invitasjon

Barnevakten_invitasjon_Luster_Indrehafslo_oppvekstsenter.pdf

2016-04-11
morgonsamling[2]_450x338

God helg!

Morgonsamling

Her er 1. og 2. klasse klare til å ta imot publikum.

2016-01-16

Skøytedag

Me vil gjerne nytte den fine skøyteisen som har lagt seg på Hafslo, og planlegg ein skøytedag for elevane i veke 3.

Alle treng:

  • Skøyter
  • Hjelm (ski- eller sykkelhjelm)
  • Varme kle
  • Nok mat og drikke
  • Sitjeunderlag

Nærare informasjon kjem! Sjå også e-post fredag 15.januar.

2016-01-15
Fysak 14

1. og 2. klasse har morgonsamlinga.

Velkomen til morgonsamling 15.01.2016

Her er eit glimt frå torsdagen: 1. og 2. klasse i full fart med fysak i norsktimen.

2016-01-14
God jul!

God jul! Godt nyttår!

2015-12-25
juleverkstad[1]

Me ynskjer alle ei fin adventshelg

Denne veka var det juleverkstad på torsdag med mykje aktivitet på heile skulen. Fredag var det siste dagen til Thora; me har hatt avslutning i klassen ma med god Dansk-Norsk kake:)

2015-12-11

Nytt frå administrasjonen

Vår visjon:

Luster oppvekstsenter - ein god stad å vere, leike og lære.

VISMA FLYT SKOLE

 

2021-10-08
Powered by CustomPublish AS