A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

3. kl

God sommar

Velkommen til sommarfest

Tysdag 18.juni kl. 18.00 -19.30 inviterar me til sommarfest for heile oppvekstsenteret. Det blir litt underhaldning i gym salen. Her blir det markering for dei som går siste året i barnehagen og for dei som går i 7.klasse. Etterpå blir det servering av kaffi, saft og kaker. Så velkommen til ei triveleg stund på oppvekstsenteret.

2019-06-13
kaffikopp

Velkommen til bygdakafè

Tysdag den 19.mars kl. 11.00-13.00 inviterar me alle til bygdakafè på Indre Hafslo oppvekstsenter.

Det blir sal av kaker, kaffi og saft. FAU vil også ha loddsal.

Barnehagen og 1.-4.klasse vil stå for underhaldninga denne dagen.

Så velkommen til ei koseleg stund på Indre Hafslo.

 

2019-03-13
IMG_2967

God jul

Då vil me ynskja born, føresette og tilsette ei GOD JUL OG EIT GODT NYTT ÅR!

2018-12-23
IMG_4295[1]

Tradisjonell juletrefest

I kveld var mykje folk samla til tradisjonell juletrefest på Indre Hafslo. Elevane hadde øvd inn spelet "Nisse på ville vegar". Det var mykje tekst å øve på, og elevane var kjempeflinke. Her fekk me høyre om Nisse som slo seg i hovudet og ikkje visste kven han var eller kvar han høyrde heime. Me fekk oppleva troll som dansa, kattar og tre som kunne snakka og dyr som leika i skogen. På sjølvaste julafta fann Nisse endeleg ut kven han var, og han kom heim til Nissefar, Nissemor, Truls og Nille. Me fekk sjå mange gode skuespelarprestasjonar, og mykje flott song.

2018-12-18
Bilde 9

Juleverkstad

I dag var det tid for den tradisjonelle juleverkstaden på Indre Hafslo.Og mange foreldre, besteforeldre og oldeforeldre hadde møtte opp for å hjelpa oss. Heile dagen har me laga julekransar, jobba med filt, småsløyd og baka. Klokka 13.30 samla me oss til Lucia samling i gym salen. 3. og 4.klasse hadde ansvar for samlinga, og i tillegg til Lucia-opptog så sang dei også nokre svenske julesongar. Etterpå var det tid for å smake på baksten, og me avslutta samlinga med allsong. Ein koseleg dag er til ende, og me vil takke alle som møtte opp for å hjelpe oss slik at juleverkstaden blir kjekk for både små og store.

2018-12-13
Bilete 1

Velkommen til juletrefest

Tysdag 18.desember kl.18.00 - 20.00 inviterar me til juletrefest på Indre Hafslo oppvekstsenter.

Me skal vise julespelet "Nisse på ville vegar". Etterpå blir det servering av kaffi og kaker. Det blir også gang rundt juletreet og kanskje kjem nissen. 

Inngangspengar.

Så velkommen til ei koseleg førsjulsstund på Indre Hafslo.

2018-12-13
Koseleg bygdakafe

Bygdakafè

I dag har me nok ein gong vore samla til koseleg bygdakafè på Indre Hafslo. På kafèen kunne ein kjøpa seg både lappar med rømme og syltetøy, ulike typar kaker, kaffi og saft. Underhaldninga denne dagen var det barnehagen og 1.-4.klasse som stod for. 4.klasse las dikt om hausten, og elevane i 1.-4.klasse song "kaldt ute og varmt inne". Dei sjarmerande nisseungane i barnehagen song to nisse songar, og dei hausta mykje applaus.  Det er kjekt å sjå at so mange møter opp på kafèen vår. 

2018-11-30
kaffikopp

Velkommen til bygdakafè

Fredag 30.oktober kl.11.00-13.00 inviterar med til bygdakafè på Indre Hafslo oppvekstsenter. Det blir sal av kaffi, kaker og saft. Barnehagen og 1.-4.klasse vil står for underhaldninga. Så velkommen til ei hyggeleg stund på Indre Hafslo. Helsing 5.,6. og 7.klasse

2018-11-26
bygdakafè

Bygdakafè

Mykje folk var fredag samla til bygdakafè på Indre Hafslo oppvekstsenter. Her kunne ein kjøpa seg kaffi, kaker og sveler laga av 5.,6. og 7.klasse , og så kunne ein slå av ein prat med kjende og ukjende. 1.-4. klasse stod for underhaldninga denne dagen, og dei underheldt med både dans og song. Det er so kjekt at me må bera inn fleire stolar og bord på kafèdagen, for det viser at folk veit å setje pris på bygdakafèen. Så takk til alle som deltok på kafèen på fredag!

2018-10-10
kaffikopp

Velkommen til bygdakafè

Fredag 5.oktober kl.11.00 - 13.00 inviterar me til bygdakafè på Indre Hafslo oppvekstsenter. Det blir sal av kaffi, kaker og saft. 1.-4.klasse vil ha underhaldning ca kl.12.00. Så velkommen til ei koseleg stund på Indre Hafslo. Helsing 5.,6. og 7.klasse.

2018-09-29
Powered by CustomPublish AS