A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

3. kl

Velkommen til foreldremøte

Tysdag 18.september inviterer me alle førsette til foreldremøte på oppvekstsenteret. Foreldremøte for dei som har born i barnehagen startar kl.17.30. For dei som har elevar i 1. og 2.klasse blir det klasseforeldremøte kl. 18.00. Det blir felles møte for alle frå kl. 18.30 til 19.30. 3 og 4.klasse, 5.,6. og 7.klasse vil ha klasseforeldremøte frå kl. 19.30.

 

2018-09-03

Fjelltur

Tysdag den 4.september blir det fjelltur for alle elevane på skulen og borna på skuleklubben. Turen går til Navarsete, Heggdalen og Heggdalsvatnet. (Engjadalen) Me avpassar turen etter borna, så dei minste går nok berre til Navarsete eller Heggdalen. Me reiser frå skulen klokka 9.00 og er tilbake til skuleslutt.

2018-08-31
Tur på gamle vega

God sommar

"Når jordbæra mognast oppe i ur, og hamna gjev mat til blakken.

Når apalen lyser kvit som ei brur og solauga stikk i nakken, 

då bukkar vi fint for læraren vår og seier farvel og takk for i år.

Og lukklege me på heimvegen går, no får me ein pust i bakken"

Me desse linjene frå den gamle sommarsongen, og bilete frå den fine turen vår frå Oklevik til Årøy i går, vil me ynskje elevar, føresette og tilsette ein god sommar.

2018-06-22
tur 2

Kjekke og lærerike dagar

Det nærma seg sommarferie, men framleis er det mange ting me skal gjera og mykje me skal læra.

Sist veke var 1.-4.klasse på blomstertur. Turen gjekk frå skulen til Joranger. Derfrå gjekk me ned Lad-bakkane til Marifjøra, og her hadde me matpause. Så gjekk turen om Sviggaplassane og opp att på skulen.

2018-06-04
kaffikopp

Velkommen til bygdakafè

Torsdag den 12.april kl.11.00 til 13.00 inviterar me til bygdakafè på Indre Hafslo oppvekstsenter. Det blir sal av kaffi, kaker og saft. Barnehagen vil underhalde. 1. til 4.klasse har i mange veker øvd på ulike dansar, og desse vil dei også visa på kafèen. Så velkommen til ei koseleg stund  på Indre Hafslo oppvekstsenter.

2018-04-05
påskelunsj 1

God påske

Me bilete frå eit flott påskelunsjbord vil me ynskje elevar, føresette og tilsette ei god påske!

2018-03-26

Markering av verdens Downs syndrom dag

Onsdag den 21.mars ynskjer me å markere verdens Downs syndrom dag. For å markere dagen og syne at me alle er ulike så håpar me at, både barn og vaksne, denne dagen tek på seg ulike sokkar. 

Den første Downs syndrom dagen vart halden den 21.mars 2006. Datoen peikar på kromosonpar 21 som ved Downs syndrom har eit ekstra tillegg. Over heile verda blir dagen nytta til feiring og opplysning.

2018-03-19
IMG_3899

OL dag

I dag har me hatt ein flott OL dag på Indre Hafslo oppvekstsenter. OL elden vart tent presis kl. 10.00 og sjølvsagt måtte me danse OL-floka.

Etterpå var me delt i grupper der me hadde aking, hopp, portkøyring, flaskerenn og skiskyting. Kl. 11.30 samla me oss på uteskulen der det var matpause og grilling. 

Etter mat var det nye aktivitetar på alle, og kl. 14.00 samla me oss til offisiell premieutdeling. 

2018-02-27
skidag 6

God vinterferie

Med dette bilete frå skidagen vår på Heggmyrane vil me ynskje alle ein fin vinterferie.

Takk til Sogn skisenter som kvart år tek i mot oss til den årlege skidagen. Det set me stor pris på.

Vil de sjå fleire bilete frå skidage så sjå under bileta til 1.klasse.

2018-02-18
Powered by CustomPublish AS